Svein Arve Ruud
f. 1980 busett i Solvorn, Luster Kommune med sambuar og 4 barn. Utdanning og arbeidserfaring kan oppsummerast slik: 1 år i Militærpolitet, 3,5 år som student ved Norges Landbrukshøgskule (idag NMBU), 1,5 år som avløysar, 13 år som rådgjevar i TINE og dei siste åra som heiltidstilsett i eiga verksemd.
Norsk Takst
Norsk Takst er interesseorganisasjonen for dei aller fleste takstmenn i Norge. Norsk Takst har vore verksam frå 1. januar 2018 etter at dei to største takstorganisasjonane i landet, NITO Takst og Norges Takseringsforbund slo seg saman til ein organisasjon. Norsk Takst stiller mellom anna dataverktøy, forsikringar og kompetanse til rådvelde for takstmenn.
Sertifisering
For å få drive som takstmann gjennom Norsk Takst si merkevare, krevst det ei omfattande opplæring og vedlikehald av kompetanse. For å få godkjend lisens innan dei ulike taksttypane, vert det kravd både teoretisk og praktisk innsikt. Det må gjennomførast grunnkurs og hovudkurs med innleveringsoppgåver, prøvetakstar og eksamenar. I tillegg er det krav om årleg oppdatering, for å få behalde lisensen.
Luster Landbruk og Taksering AS har følgjande godkjenningar gjennom Norsk Takst:
- Verditaksering av landbrukseigedomar
- Verdi- og lånetaksering (hus, hytter, leilegheiter og tomtar)
- Skade- og reklamasjonstakst (bygningsskadar)
- Naturskadetaksering:
- For Norsk Naturskadepool (alt som kan brannforsikrast gjennom forsikringsselskapa)
- For Landbruksdirektoratet ved Statens Naturskadeordning (alt som ikkje kan forsikrast)