tjenester

TENESTER

Verdivurdering

Dette er den enklaste forma for rapport og egnar seg kun i samband med refinansiering for leilegheiter og bustadhus. Rapporten inneheld ein enkel beskrivelse av bygningane og området eigedomen ligg i. Kvadratmeterprisar frå Eiendomsverdi ligg ofte til grunn for vurderingane.

Verdi- og lånetakst

Dette er ei rapportform som egnar seg godt ved refinansiering eller ved kjøp og sal av eigedom t.d. innad i familien. I rapporten vert det gjort vurderingar både i høve plassering, tomt, bygningar og materialval.

Skadetakst

Får du skade på ein bygning, innvendig eller utvendig, trengs det ein takst for å dokumentere omfang og følgjeskadar. Skaderapporten skal innehalde både beskrivelsar, bilete og kalkylar. Årsakene kan vere mange, som lekkasje frå vassrøyr, frostsprenging eller naturskadar som storm og flaum. Forsikringstakar står sjølv fritt til å velje takstmann.

Naturskade (Statens Naturskadeordning)

(tidlegare Naturskadefondet) Alt som ikkje kan forsikrast t.d. landbruksjord, vegar, bruer, elveforbygging osv. kan vere erstatningspliktig etter Naturskadelova. Det vil sei at alle grunneigarar som har vore utsett for naturskade, kan søke om erstatning hjå Staten ved for eksempel flom, skred, storm osv. Frå 01.01.2017 er kvar enkelt grunneigar ansvarleg for å dokumentere og søke om erstatning seinast 3 mnd etter at naturskaden inntraff. Dette er kort frist og mange vel i ein slik situasjon å hyre ein godkjend takstmann til å dokumentere skadane og sette opp ein reparasjonskalkyle. Grunneigar kostar sjølv taksten.

Landbrukstakst

I samband med salg, refinansiering eller generasjonsskifte på ein gard vert det ofte halde ein landbrukstakst. Lovverket kring landbrukseigedomane er komplisert. Det er derfor viktig å bruke ein takstmann som har godkjenning for taksering av landbrukseigedomar og som forstår seg på praktiske utfordringar kring denne type eigedom. Me tek og på oss verdivurdering av buskap og landbruksmaskiner.

Generasjonsskifte

Me formidlar kontakt vidare til samarbeidspartnarar som kan hjelpe med kjøpekontrakt, skøyte, skriving av særavtalar m.m.

Rådgjeving

Me tek på oss rådgjeving innan drift og utvikling av eigedom. Det kan vere som sparringpartnar i høve utvikling av eigedom, lage vedlikehaldsplan for bygningsmasse, skriving av brev/anna papirarbeid, vere med som tillitsperson på møter med kommunen eller andre, sjå på prosjekt med «nye auger» , tilsyn av eigedomar, oppfølging av handverkarar, osv. Ta kontakt for å finne ut om me kan hjelpe deg.